Kategori: Nils Aarsæther

Nils Aarsæther

Nils Aarsæther er medlem av redaksjonsrådet i Samfunn og økonomi

Dr.philos. og professor emeritus ved Universitetet i Tromsø, Institutt for samfunnsvitskap. Forskingsfelt: Lokalt demokrati, kommunal planlegging og næringsutvikling.

Aarsæther har arbeidd med desse tema i Nord-Norge, i dei nordiske landa, og mot russiske og kanadiske kommunar. Han virka som professor i samfunnsplanlegging 1993-2017, og deltok i evalueringa av plan- og bygningslova, ferdigstilt i 2018. Forskinga er følgd opp gjennom lærebøker, foredrag, rådgiving og politikk. Aarsæther var leiar av Troms Nei til EU 1991–1996, vald inn i Senterpartiets sen­tralstyre 2005–2013 (no utan partitilknyting).

Han har engasjert seg sterkt i motstanden mot samanslåing av kommunar og fylke, der dette har skjedd på tvers av lokal vilje.

Nils Aarsæther er en del av redaksjonsrådet i Samfunn og økonomi.

Kontakt Nils Aarsæther
nils.aarsether@uit.no

Den næringsaktive distriktskommunen har ei lang historie bak seg. Heilt frå dei norske kommunestyra blei etablert midt på 1800-talet, har dei folkevalde interessert seg for meir enn dei grunnleggande offentlege oppgåvene – skulestell, fattigstell og vegbygging.

DISTRIKTSKOMMUNEN – ein pådrivar for næringsutvikling