Distriktspolitikk med positive ringverknader

Statleg politikk er viktig for næringsutvikling, sysselsetting, folketalsutvikling og tenestetilbod i heile landet. Det same er statleg infrastrukturpolitikk som investeringar i vegar, jernbane, flyplassar og breiband. Kva har etableringa av distriktshøgskular hatt å seie for folketalsutvikling, rekruttering av studentar og av arbeidskraft etter avslutta studiar?

Distriktspolitikk med positive ringverknader - Steinar Ness - Samfunn og økonomi 1/2021 - distriktshøgskular - distriktshøgskoler
Av Steinar Ness sjølvstendig næringsdrivande
Artikkelen er publisert i Samfunn og økonomi 1/2021

Statleg politikk er viktig for næringsutvikling, sysselsetting, folketalsutvikling og tenestetilbod i heile landet. Det same er statleg infrastrukturpolitikk som investeringar i vegar, jernbane, flyplassar og breiband. I denne artikkelen vil eg trekke fram kva etableringa av distriktshøgskulane frå slutten av 60-talet har hatt å seie for
• folketalsutviklinga i utvalde kommunar
• rekruttering av studentar
• rekruttering av arbeidskraft etter avslutta studiar

Slik systemet for distriktshøgskulane blei etablert, fekk det ikkje særleg støtte frå dei fleste universiteta og såkalla vitskapelege høgskular. Særleg var mange provoserte av at distriktshøgskulane sette same krav til undervisnings- og forskarstillingar som universiteta sjølv gjorde. Dei fekk etter kvart også bruke tittelen professor for dei som var kvalifiserte til det.

Det låg sjølvsagt vektige utredningar til grunn for distriktshøgskulane. Men utan statsråd Kjell Bondevik (kyrkje- og undervisningsminister i Borten-regjeringa 1965–1971 ) og avdelingsdirektør Ingjald Ørbech- Sørheim (ein kunnskapsrik og engasjert pådrivar i departementet med ansvar for satsinga), er det tvilsamt om det radikale og omstridde eksperimentet hadde vore starta opp så kraftfullt. Dei 15 distriktshøgskulane som vart oppretta i perioden frå slutten av 1960-talet til midten av 1980-talet er oppgitt i tabell 1.

Distriktspolitikk med positive ringverknader - Steinar Ness - Samfunn og økonomi 1/2021 - Distriktshøgskular oppretta frå 1969 til 1986 og folketal i 1970

Dei fleste av distriktshøgskulane vart den gongen lagt til mellomstore kommunar med over 20 000 innbyggjarar. Fem skil seg ut ved at dei vart oppretta i kommunar med vesentleg lågare folketal enn dette – frå om lag 4000 til opp mot 11 000 innbyggjarar. Det er nokre viktige verknader av dette som eg skal drøfte nærmare her.

Men eg vil også trekke fram at dei opna for ein nødvendig utvikling av vår universitetsstruktur. Distriktshøgskulane vart i 1994 døypt om til høgskular. Dei ble samstundes organiserte i større administrative einingar saman med andre høgskular som til dømes lærarhøgskular og sjukepleiarskular. Saman med andre høgskular la dei grunnlaget for etablering av Stavanger Universitet, Nord universitet, Universitetet i Agder og Universitetet i Sørøst-Norge, og det kjem nok fleire.

Folketal

Tabell 2 syner folketalsutviklinga i nokre kommunar som fekk distriktshøgskular og som ikkje var fylkessenter. Alta, Sogndal og Bø har i perioden 1970–2020 hatt folketalsvekst på respektive 89, 85 og 65 prosent. Det er høgt over både landsgjennomsnittet og gjennomsnittet i vedkomande fylke. Volda har også hatt ein positiv folketalsvekst på 25 prosent, som er høgare enn i fylket.

Distriktspolitikk med positive ringverknader - Steinar Ness - Samfunn og økonomi 1/2021 - Distriktshøgskular - distriktshøgskoler - Folketalsutvikling i utvalde kommunar for kvart tiåar 1970-2020

Åmot skil seg ut her. Årsaka er mellom anna at hjørnesteinsbedrifta Rena Kartong fekk store problem. Bedrifta som på det meste hadde 500 arbeidsplassar, hadde stor reduksjon i sysselsetjinga, gjekk konkurs og vart nedlagt i 1998. Etableringa av distriktshøgskulen var ei motvekt mot dette. Folketalet er no på same nivå som i 1990.

Rekruttering av studentar og arbeidskraft

Det er forska på i kva grad dei regionale høgskulane rekrutterer studentar frå ulike regionar til høgare utdanning, og i kva grad studentane tek arbeid i regionane etter fullført utdanning. Dette er viktig kunnskap for å forstå kva etableringa av distriktshøgskulane har hatt å seie.

I rapporten Er høgskolene regionale kvalifiseringsinstitusjoner? vert det sett på rekrutteringa til velferdsprofesjonane, det vil seie lærar, førskulelærar, sjukepleiar og sosionom for dei som fullførte utdanninga i 1995–2010. Rapporten omfattar eksamen ved høgskular og universitet på Vestlandet og Høgskolen i Oslo og Akerhus. Tala viser at ein høg del av søkjarane kjem frå eige fylke eller eigen region. I mange utdanningar kjem 60–70 prosent av søkjarane frå eige fylke og 80 prosent av søkjarane frå eigen region. Rapporten viser at etter ferdig utdanning arbeider frå nærmare 80 til over 90 prosent av kandidatane i same fylket som dei vaks opp i og tok utdanninga i. Dette talet aukar med tida.

Rapporten viser at etter ferdig utdanning arbeider frå nærmare 80 til over 90 prosent av kandidatane i same fylket som dei vaks opp i og tok utdanninga i.

Samanliknar ein med dei frå Vestlandet som tok utdanninga si andre stadar i landet, er det langt færre som kjem tilbake etter avslutta utdanning. I Møre og Romsdal 34 prosent, i Sogn og Fjordane 44 prosent, og litt fleire i Rogaland og Hordaland. Samla sett viser studien at lokaliseringa av høgskular har stor betydning for rekrutteringa til arbeidsmarknaden. Minst ni av ti som har teke utdanning i same region som dei har vakse opp i, er i arbeid i same region både to år og fem år etter ferdig utdanning.

Rapporten Høgskolenes betydning for regional rekruttering til næringsrettede profesjonsyrker finn det same mønsteret for utdanning gruppert i «teknologi og ingeniørutdanning», økonomiske og administrative utdanninger», «maritime fag», «biologiutdanninger», «mediefag» og «logisitikkfag». Samla står personar som har vakse opp på Vestlandet for 76,8 prosent av dei uteksaminerte. Dette er tydeleg i alle utdanningsgrupper, med unntak for mediefag der eit fleirtal av dei som vert rekruttert ikkje kjem frå Vestlandet.

Av dei som har vokse opp og utdanna seg på Vestlandet, er 76,6 prosent sysselsett i regionen to år seinare. Av dei som kjem frå ein annan region og utdannar seg på Vestlandet, vert 20,5 prosent sysselsett på Vestlandet. Av dei som dreg ut av regionen for å ta utdanning, vender 53,5 prosent tilbake og er sysselsett på Vestlandet to år etter avslutta utdanning. Det same mønsteret finn ein etter fem år.

«Demokratiserings- og utjamningsprosjekt»

I rapporten Om tre små studiestadar i Norge vert dei samla verknadene av etableringa av distriktshøgskulane i Volda, Sogndal og Bø drøfta. Her vert utbygginga av distriktshøgskulane omtalt som «eit demokratiserings- og utjamningsprosjekt der høgre utdanning skulle bli eit gode som mange fleire skulle ha tilgjenge til, uavhengig av kjønn, geografi eller sosial bakgrunn. Langt fleire enn unge menn frå høgre sosiale lag i byane skulle kunna ta høgre utdanning. Velferdsstaten og utjamningspolitikken hadde nådd høgre utdanning».

Rapporten underbyggjer tidlegare funn om at distriktshøgskulane ga positive ringverknader og konkluderer: «Dei tre studiestadane hadde alle tradisjonar og positive erfaringar med å vera vertskap for utdanning og skuleelevar. Etableringa av høgre utdanningsinstitusjonar frå 1970-talet var eit framhald i dette, og gjennomgangen av nokre sosiale, økonomiske og kulturelle indikatorar viser at dei tre vertskommunane har hatt ei svært positiv utvikling i dei 50 åra som studiestadar. Det å bli studiestad på 1970-talet, også i Bygde-Norge, var å skyta gullfuglen for dei aktuelle kommunane».

Rapporten syner også at distriktshøgskulane gjer sitt til å nå breie samfunnsmål: «I dag har dei det til felles at dei kan karakteriserast som godt utbygde og vel fungerande studiestadar. Dei har stort sett tilfredsstillande studentrekruttering, dei har fått eit studenttal på mellom 3000 og 4000, og er dermed blant dei 10–15 største studiestadane i Norge målt i tal studentar. Dei innfrir krava til utdanningskvalitet, formell kompetanse og forsking som styresmaktene stiller. Dei samhandlar med næringsliv og offentleg forvaltning i regionane, og dei leverer relevante og kompetente kandidatar til arbeidslivet. På utdanningssida gjer dei hovudjobben på treårige grunnutdanningar med ei gjennomstrøyming som ligg i landstoppen, og dei skårar høgt på studenttilfredsheit i nasjonale undersøkingar. Det er blandinga av kvalitetar, ikkje einskildelement, som gjer dei til godt fungerande studiestadar».

Framtida til studiestadar som Bø, Volda og Sogndal vert også drøfta i denne rapporten. Dei tre distriktshøgskulane «har også klåre utfordringar. I den siste fusjonsbølga kring 2015 var fokus så å seia berre på storleik på fagmiljø, dette sjølv om samanhengen mellom storleik og kvalitet i høgre utdanning framleis er svært diskutabel og så langt ikkje dokumentert (Aksnes, Piro, & Rørstad 2018). Det var lite eller inga merksemd rundt andre kvalitetar ved studiestaden eller kva fagmiljøa driv med. Dei samansette kvalitetane som kjenneteiknar studiestadar som Bø, Volda og Sogndal, og som gjer at unge menneske trivst og lukkast i utdanningsprosjekta sine, fekk ingen merksemd, og gjorde slett ikkje inntrykk på omreisande minister og statssekretær».

Mot lysare tider?

New Public Management (NPM) har dei siste tiåra vore det ideologiske grunnlaget for ei rekkje systemendringar i offentleg sektor. NPM er kjenneteikna vekst i byråkrati, meir rapportering, mindre tillit og sentralisering av offentlege tilbod i område med lågt folketal. Motstand mot kommunesamanslåing, sentralisering av politiet, bunadsgeriljaen sin kamp for lokale fødetilbod og kampen for å oppretthalde studietilbodet på Nesna i Nordland har vorte symbolsaker som har løfta debatten om kva som skjer i distriktsnorge frå kommunestyre og lokalaviser til Stortinget og nasjonale medium.

Regjeringa Solberg har også når det gjeld høgskulesystemet lagt opp til prosessar der samanslåing til større einingar har vore målet. Prosessane har gjeve eit slags skinndemokrati ved at ein har fått høve til å påverke kven ein skal slåast saman med, men pålegget var at ein skulle slåast saman. Men det er framleis nokon som står på egne bein – til dømes Molde og Volda. Samanslåingane har vore omstridt, mellom anna fordi det fører til mindre sjølvstende på den einskilde studiestaden og meir sentralisering av makt. Dette vil også med tida kunne føre til press for både å legge ned studietilbod og avvikle studiestadar heilt. Debatten om høgskuletilbodet på Nesna i Nord universitet er døme på dette.

Høgre, Frp, KrF og Venstre har fått prøvd ut politikken sin i sju år. Folk ser dei konkrete resultata av politikken som er ført. Tre av dei fire partia ser i mars 2021 til å gå mot svært dårlege resultat ved stortingsvalet 13. september. Veljarane som ikkje ynskjer regjeringsskifte ser ut til å samle seg om Høgre. Partia har gått tom for både gamle og nye idear å prøve ut. Gamaldags sentraliseringspolitikk skaper ikkje begeistring utanfor møteromma i styringsverket i hovudstaden. Sjølv i regjeringspartia sine eigne utgreiingar vert det åtvara mot meir sentralisering.

Brandtzæg-utvalet har i NOU 2020:12 drøfta betydninga av det høgare utdanningstilbodet og skriv i sine tilrådingar mellom anna: «Institusjoner innenfor høyere utdanning er i stor grad lokalisert i sentrale områder. Strukturreformen som er gjennomført, vil kunne bidra til ytterligere sentralisering av utdanningsinstitusjonene, ved at utdanningstilbud i distriktene blir lagt ned. Insentivsystemet og finansieringen av universitetene, høyskolene og fagskolene bør utformes slik at det stimulerer til desentralisert studiestedstruktur. For å dekke det lokale og regionale næringslivets behov for arbeidskraft er det behov for fleksible etter- og videreutdanningstilbud i regi av universitetene, høyskolene og fagskolene, utover det som tilbys i dag».

Dette er klar tale. Eit nytt raudgrønt stortingsfleirtal må lage ein konkret handlingsplan for ein desentralisert studiestadstruktur. Ein god start vil vere å vidareføre Nesna som studiestad.