Karoline Jacobsen Kvalvik prosjektleder, Troms og Finnmark fylkeskommune
Nils Aarsæther professor emeritus, Universitetet i Tromsø
Artikkelen er publisert i Samfunn og økonomi 1/2023
Planstrategi 4.0 skal etter lova vere vedteke i alle kommunar og fylke i løpet av 2024. I denne artikkelen vil vi gi ei fagleg begrunna oppskrift på korleis få til ei meir planbasert styring i Kommune-Norge. Det kan høyrest svært så ambisiøst ut, men vi meiner at bestemminga om obligatorisk kommunal planstrategi, innført i plan- og bygningslova i 2008, ber i seg moglegheiter som på langt nær er utnytta godt nok. I 2023 skal alle kommunar etter lova sette i gong arbeidet.
Kva legg vi i «meir planbasert lokalpolitisk styring»? Jo, for det fyrste betyr det at vedtak i kommunestyret baserer seg på, eller refererer til, langsiktige og felles mål – også når kommunen må forhalde seg til akutte og presserande saker. For det andre må den jamne folkevalde og veljarane kjenne seg att i det kommunen tek seg til. Kanskje ikkje alle, og til kvar tid, for i ein kommune er det både posisjons- og opposisjonsfolk.
Men ei planbasert styring inneber at kommunale vedtak kan grunngjevast og forklarast ved å vise til det styringsgrunnlaget, dei strategiane og dei overordna planane som skal vere gjeldande i valperioden – anten dei er vedtekne samrøystes, eller ved fleirtalsvedtak.
Kor kjem så bestemminga om kommunal planstrategi i plan- og bygningslova (pbl.) inn i dette biletet? Jo, planstrategien dreier seg nettopp om det som er heilt sentralt for dei folkevalde:
1. Planstrategien skal gjelde for ein fireårig periode; den er altså tilpassa dei folkevalde si funksjonstid. Mot slutten av perioden vert det enklare å sjå i kva grad innsatsen i kommunestyret og formannskapet har innfridd måla og prioriteringane som var vedteke tidleg i perioden.
2. Planstrategien inneheld, og baserer seg på ei drøfting av strategiske val knytt til samfunnsutvikling (pbl., 2008, § 10-1). Med denne formuleringa plasserer planstrategien seg midt i hjartet til den politiske prosessen. Det er jo nettopp dette som kjenneteiknar (eller i det minste bør kjenneteikne) dei politiske programma som partia legg til grunn for dei folkevalde sitt kommunale virke.
3. Planstrategien inneheld også ei vurdering – i praksis ei prioritering – av det planarbeidet det er behov for i kommunestyreperioden. Også her er planstrategien ved politikken si kjerne – prioriteringar. Kva for planarbeid skal starte opp i 2024, kva står for tur i 2025, kva må vente til 2026 eller 2027? Det dreier seg sjølvsagt om (eller bør dreie seg om) planarbeid for å følgje opp drøftinga av «strategiske val knytt til samfunnsutvikling». Og det dreier seg om å ta stilling til om det er behov for å lage ny, revidere eller behalde den overordna samfunnsdelen i kommuneplanen.
Men kva er eigentleg ein kommunal planstrategi? Ein planstrategi er eit dokument, utarbeida og vedteke på grunnlag av ein prosess der kommunestyret har drøfta kva som er retninga (strategiske val) for kommunen, og det er naturleg å sjå retningsvala i lys av utfallet og den fleirtalskonstellasjonen som utkrystalliserer seg etter kommunevalet.
Planstrategien er i ein forstand politisk «ferskvare» fordi lova pålegg kommunestyra å sette i gong dette arbeidet rett etter konstitueringa (neste runde vert i oktober 2023). Det er eit nyvald kommunestyre som på bakgrunn av vinnarane sin styringsplattform skal kunne vidareføre og konkretisere valløfta inn i den lokalpolitiske kvardagen. Og då vert koplinga til planstrategiarbeid eit naturleg fyrste steg.
Dermed vert planstrategien kommunestyret sin «eigedom», noko som er understreka ved at det ikkje er noko lovbestemt krav om medverknad frå kommunesamfunnet, ut over at planstrategien skal gjerast offentleg minst 30 dagar før den vert behandla i kommunestyret.
Lova seier også at før behandlinga bør kommunestyret invitere til «bred medvirkning og allmenn debatt» (pbl., § 10-1), men det er kommunestyret som spelar ut framlegget sitt til ei slik drøfting. Det er ikkje slik at kommunestyret ber befolkninga om råd for å lage planstrategien – det rådet har jo befolkninga nyleg gitt ved å velje representantar i kommunevalet.
Ved valet har folk ikkje berre stemt på personar og parti, dei har stemt på personar som har forplikta seg på å følgje partiet sitt program, og i praksis slutta opp om dei prioriteringane som er vektlagd der. Planstrategien koplar seg dermed tett på dei folkevalde sitt fireårige mandat. Lova seier at kommunestyret skal vedta planstrategien seinast eitt år etter konstitueringa, det vil seie i oktober 2024 i neste runde, og legge den fram til drøfting 30 dagar før behandling.
Planstrategien som vert vedteke i 2024 («4.0») vert gjeldande til eit nytt kommunestyre har vedteke ny planstrategi i 2028. Vert det eit politisk regimeskifte i kommunen ved valet i 2027, er det naturleg at resultatet kjem til uttrykk i form av endra prioriteringar i planstrategi 5.0.
Planstrategi – både for nykomarar og ringrevar
Lokalpolitikken og plansystemet er begge komplekse. Det kan ikkje vere lett for ein nyvald og uerfaren kommunestyrerepresentant å gjere seg gjeldande frå dag ein i politikken. Dette som ein kontrast til representantar som er inne i sin tredje eller fjerde periode, som kjenner «spelet», stammespråket og som veit kor grensene for handlingsrommet ligg. Men vi vil hevde at planstrategien eit positivt tilbod til både den politiske novisen og til ringreven.
Som nemnt seier lovteksten (pbl., 2008) at planstrategien bør omfatte ei drøfting av strategiske val knytt til samfunnsutvikling. Vi har alle ei meining om kva retning lokalsamfunnet vårt og kommunen vår bør gå i, det er nettopp derfor mange seier ja til å la seg nominere på partilister til lokalvalet. På valdagen går eit klårt fleirtal av befolkninga til urnene, nettopp fordi dei bryr seg om eigen kommune.
Dei fleste har også ein idé om kva det er viktig å satse på for å skape eit betre bysamfunn eller ein betre distriktskommune. Denne sida ved planstrategien er altså tett kopla til den politiske prosessen – frå utforminga av programma til dei politiske partia, til saker som vert sentrale i valkampen – og ikkje minst til utfallet av valet.
Kva vil den vinnande koalisjonen satse på? Dette kjem som oftast fram i eit politisk plattform-dokument, og vi ser ein moglegheit for at hovudsakene her er noko som ideelt sett kan gå direkte inn som råstoff til arbeidet med å formulere strategiske val knytt til samfunnsutvikling i den kommunale planstrategien. Slik vi ser det, er nettopp diskusjonar kring planstrategien viktige for å inkludere og motivere nykomarane i politikken; slik sett kan arbeidet med planstrategien verte til ei «danningsreise» i lokalpolitisk arbeid.
Meir krevjande er det tredje punktet vi har lagd vekt på, planstrategiens krav om ei vurdering av kommunen sitt planbehov i valperioden. Her kan det verte komplisert. Sjølv om det er nye saker og prosjekt som kjem inn på agendaen gjennom kommunevalet sitt utfall, så må desse innpassast i pågåande planarbeid vedteke av det førre kommunestyret, og til lovpålagd planarbeid.
Her er det den politiske ringreven som har sin moglegheit. På kva måte kan nye prioriteringar og prosjekt passast inn i pågåande planarbeid med kommuneplanen sin samfunnsdel og/eller arealdel? Eller vil det vere smartare å foreslå ein ny kommuneplan for å synleggjere og følgje opp eventuelle nye prioriteringar?
Det er ikkje sjølvsagt at den nyvalde representanten vil skjønne terminologien, og vite skilnaden mellom planstrategi, planprogram, kommuneplan, kommunedelplan, samfunnsdel, arealstrategi, arealdel, områderegulering og detaljregulering. Den politiske «ringreven» kan kanskje dette, og hen veit kva som skjuler seg i fireårstabellen som ein planstrategi konkluderer med. Denne tabellen skal vise tidspunkt for igangsetting av ulike planarbeid: Her betyr «2024» prioritet på topp, og «2027» betyr i verste fall «aldri».
Slik vi ser det, vil både ringreven og nykomaren kunne gjere seg gjeldande, og i beste fall utfylle kvarandre, i arbeidet med å utvikle det som i 2024 vert fjerdegenerasjons planstrategi for kommunen.
Det er med andre ord ikkje vanskeleg å sjå at planstrategien plasserer seg i hjartet av politikken. Den er også utforma slik at det skal vere enkelt å jobbe den fram. Den er ikkje like omfattande som mykje anna kommunalt planarbeid: Den treng ikkje vere basert på eit omfattande kunnskapsgrunnlag, med registreringar og analysar. Kommunestyra valt i 2023 skal i gong med fjerdegenerasjons planstrategi, og det betyr at ein har eit dokument frå 2020 («3.0») å arbeide ut frå, slik at kunnskapsgrunnlaget i stor grad vil handle om å gjere oppdateringar heller enn å starte på nytt.
Og til forskjell frå anna planarbeid er det som nemnt ikkje noko krav om medverknad frå befolkninga i prosessen, eller ein omfattande høyringsrunde når eit utkast ligg føre. Dermed kan planstrategien vere noko dei folkevalde føler at dei har eit tydeleg eigarforhold til, gitt at opplegget for å lage og vedta den baserer seg på ein god dialog mellom folkevalde og fagsida/administrasjonen, og at dette skjer i fyrste året av kommunestyreperioden.
Sidan lova krev at planstrategien skal vere vedtatt seinast eitt år etter konstitueringa, tenker vi at det vil vere ein fordel å legge opp til ei framdrift som sikrar at den kan vedtakast på vårparten 2024. Dermed vil den verte eit styringsgrunnlag for det nye kommunestyret sitt fyrste budsjettarbeid hausten 2024.
Ein sjeldan planadministrativ suksess
Som vi har peika på, skjedde innføring av kommunal planstrategi med plan- og bygningslova i 2008. Svært få la merke til denne delen av lova der og då. Først etter lokalvalet i 2011 kunne arbeidet starte ute i kommunane, for etter lova ville fyrstegenerasjons planstrategi vere fullført hausten 2012. Men vart dette gjort? Kommune-Norge er ikkje akkurat kjend for å kaste seg over alle nye pålegg og bestemmingar. Særleg er det ein tendens til sette på vent det som ikkje er juridisk bindande, det som det ikkje følger pengar med og som det ikkje er forbunde med «straff» å sjå bort frå.
I over 50 år har norske kommunar hatt manglande oppfølging av krav om pålagd planarbeid. I 1976, ti år etter at det vart pålegg om å vedta kommuneplan («generalplan»), var det svært få av dei 444 kommunane som hadde vedteke og fått stadfesta generalplanen (Arge, 1978). For planstrategien sin del var det slik at dette var ei ny, pålagd oppgåve, det følgde frå statleg hald ingen ekstra ressursar (og knapt noko rettleiing) med for å utføre den, og det var ikkje knytt nokre negative sanksjonar mot kommunar som ikkje følgde lova sitt krav (pbl., 2008, § 10-1). Dermed skulle det, ut frå erfaringar frå kommunal planlegging, ligge til rette for eit – unnskyld formuleringa – planpolitisk mageplask.
Vi vil kalle det ei uventa vending då det viste seg at 80 prosent av kommunane hadde laga og vedteke sin fyrste planstrategi innan fristen i oktober 2012. Innan desember 2012 var det berre 33 av 428 kommunar som hadde ukjent status på planstrategiarbeidet sitt (NIVI Analyse, 2013). Då andregenerasjons planstrategiar skulle vedtakast i 2016, gjekk talet noko ned, men heile 60 prosent hadde fatta vedtak av planstrategien innan tidsfristen. Men dette viste seg å vere eit meir eller mindre tilfeldig tilbakeslag, truleg grunna stoda i Kommune-Norge under kommunereforma 2014–2017. Så godt som alle kommunar utarbeidde tredjegenerasjons planstrategi i 2020, så den er i ferd med å verte institusjonalisert.
Men alt var ikkje berre bra
Sett utanfrå er altså alt såre vel: Store og små kommunar har kvart fjerde år sidan 2012 utvikla, vedtatt (og brukt?) planstrategiane sine. Dei har drøfta strategiske val og vurdert prioriteringar av planarbeidet ein vil drive, år for år, i kommunestyreperioden.
Like fullt kan det virke som om planstrategien er lite kjend, og inntrykket vårt er at den vert lite referert til blant folkevalde og i lokalmedia. Er det slik at planstrategien likevel, i det skjulte, verkar som den skal, eller har den vorte eit slags ritual, eit pliktløp som kommunane gjennomfører kvart fjerde år, berre for å etterleve lova? I evalueringa av plan- og bygningslova (EVAPLAN 2014–2018) var etterlevinga av planstrategi-bestemminga (pbl., 2008, § 10-1) eit viktig tema, og forskingsmessig vart evalueringa følgd opp med eit doktorgradsarbeid ved Universitetet i Tromsø – Norges Arktiske Universitet (Kvalvik, 2020).
Avhandlingsarbeidet fokuserte spesielt på dei folkevalde si rolle i arbeidet med å utforme planstrategi for kommunen. Var dei folkevalde verkeleg i førarsetet når dei drøfta «strategiske val knytt til samfunnsutvikling»? Tok dei til dømes partiprogram og styringsplattform frå «valnatta» med seg inn i strategiarbeidet? Var det kanskje berre ordføraren som var aktiv frå dei folkevalde si side? Og var det dei folkevalde som la føringar for prioriteringslista for kommunen sitt planarbeid? Kva kunne forklare eventuelle svikt i deltaking frå dei folkevalde si side? Var det enkeltkommunar der dei folkevalde var betre kopla på prosessen enn i andre kommunar?
Ved sidan av ei landsomfattande spørjeundersøking til ordførarar og planansvarlege vart det gjennomført kvalitative case-studiar av arbeidet med fyrste- (2011–2015) og andregenerasjons planstrategi (2015–2016) i fem kommunar – to på Nordvestlandet og tre i Nord-Norge.
Sjølv om norske kommunar har vore overraskande pliktoppfyllande når det kjem til pålegget om å vedta ein planstrategi, viser analysane i avhandlingsarbeidet at den politiske interessa for planstrategien er gjennomgåande låg, uavhengig av fleirtalsparti, den politiske kulturen i kommunen og kommunestørrelse. Det vart heller ikkje funne noko spor av utvikling i politiske interesse frå fyrste til andre runde med planstrategiarbeid.
Korleis planstrategien så langt har fungert i det lokalpolitiske Norge kan beskrivast som «å bere havre til ein død hest». Med dette meiner vi at dei folkevalde har vorte «fora» med ein invitasjon til ei drøfting av strategiske val knytt til lokal samfunnsutvikling, men i dei fem case-kommunane var det få folkevalde som responderte, og planstrategien vert difor definert som ein «død» prosess utan folkevald respons på invitasjonen til strategisk tankegang og oppfølging (Kvalvik, 2020).
Administrasjonen og det planfaglege personalet vurderer derimot planstrategien som ein nyttig reiskap. Her får dei både drive med strategiutvikling og legge til rette for styring, utan særleg «innblanding» frå dei folkevalde, eller gjennom tidkrevjande opplegg for medverknad.
Tiltak for å gjere planstrategien til ein styringsreiskap for dei folkevalde
Er det ein systemsvikt? Er lovbestemminga av kommunal planstrategi til hinder for ei god kopling mellom politikk, fag og administrasjon? Truleg ikkje: Evaluering av plan- og bygningslova konkluderte med at lovgrunnlaget til kommunal planstrategi (pbl., 2008, § 10-1) gir tydelege signal til kommunane om å gjennomføre eit «enkelt» strategiarbeid.
Kommunal planstrategi skal vere til hjelp for den kommunale planlegginga i kommunen, ved å blant anna skape oversikt over (og rydde opp i) det kommunale planarbeidet. Det er sjølvsagt behov for nokre justeringar, men det at kommunane faktisk vedtek planstrategi er eit teikn på at dette har vore ei lovbestemming som vert opplevd som nyttig, iallfall av kommunen si administrative leiing.
Den lokale tilrettelegginga og regien av planstrategiarbeidet kan – slik vi ser det – vere avgjerande for politisk involvering og politisk oppfølging både på plansida og i sakshandsaminga i kommunestyreperioden. Denne tilrettelegginga omfattar ei rekkje aktørar og instansar i kommunen og i kommunesamfunnet, og vi meiner det finnast ulike tiltak for å gjere planstrategien til ein betre styringsreiskap for politikarane.
Politiske parti i kommunen
Den politiske ideen er at partia konkurrerer om oppslutning, basert på kva prioriteringar dei byr på i sine respektive program og på truverdet til kandidatane øvst på lista. Men før det bør lokalpartia invitere ikkje berre medlemmene men også dei andre innbyggjarane i kommunen til å kome med innspel på tiltak som kan vise retning for å skape eit betre og meir framtidsretta, berekraftig kommunesamfunn.
Men dette kjem ikkje av seg sjølv; det kjem framleis ikkje gode nok signal og arbeidsopplegg frå partia sentralt som stimulerer lokalpartia til å gjere det vi ser som den logiske koplinga frå partiprogram til planstrategi. Per dags dato er det også eit klart fråvær av fylkespartia når det gjeld å få til denne koplinga.
Lokalmedia i valkampen
Så er det ikkje til å kome forbi at valet i mange kommunar står om personar og ikkje saker. Jo større fokus på ordførarkandidatar, jo mindre vert moglegheitene til å sette ulike strategiske prioriteringar opp mot kvarandre. Det er dessverre slik at media får flest «klikk» på det spektakulære og pikante, og annonsørar er ikkje spesielt glade for at det vert sett fokus på minussider ved ulike nærings- og energiprosjekt det stridast om.
Likevel ser vi tendensar til at ordførarkandidatar frontar saker og utviklingsretning heller enn seg sjølv, og det kan styrke moglegheitene for å gjere planstrategien til ein styringsreiskap – etter valet.
Kan ein førebu planstrategien betre?
I gjeldande nasjonale forventingar til regional og kommunal planlegging står det skreve at «fylkeskommunene og kommunene har ansvar for at planer og beslutninger bygger på et godt og oppdatert kunnskapsgrunnlag …» (Kommunal- og moderniseringsdepartementet, 2019, s. 7). I førebuinga av planstrategien speler eit godt kunnskapsgrunnlag ei viktig rolle.
Kunnskapsgrunnlaget skal vere upolitisk og fungere som ein tilstandsrapport. Det handlar om å lage eit lettfatteleg kunnskapsgrunnlag – ein base med kunnskap som er grundig, oppdatert, enkel og forståeleg. Det er også viktig at eit kunnskapsgrunnlag ikkje berre presenterer statistikk, men også analyse av statistikken. Kunnskapsgrunnlaget skal vise riktige, viktige og oppdaterte indikatorar som er sett i samanheng med dei nasjonale forventingane, blant anna kunnskap om tilstand innafor tenesteområda.
I dag ser vi at fleire og fleire fylkeskommunar og kommunar utviklar digitale kunnskapsgrunnlag som er med å skape meir tilgjengelege og hyppig oppdaterte databasar med kunnskap. Når den nyvalde politikaren skal i gong med planstrategiarbeid, er lett tilgjengeleg og enkelt framstilt kunnskap eit heilt avgjerande startgrunnlag.
Det planfaglege personalet har også eit ansvar for at planstrategien vert bygd opp – som dokument – på ein logisk og lettfatteleg måte. Den bør starte med:
1. Ein ærleg gjennomgang av planstrategi 3.0 frå 2020: Kva er oppnådd av dei mål og ambisjonar for planarbeid som kom til uttrykk i førre runde?
2. Ei oppdatering av kunnskapsgrunnlaget.
3. Ei drøfting av strategiske val knytt til samfunnsutvikling.
4. Eit oversyn over prioriterte planoppgåver for perioden.
Så bør det planfaglege miljøet i kommunen ta ei runde på forholdet mellom planstrategi og kommuneplanen sin samfunnsdel. Det står i lovteksten at kommunestyret, under behandlinga av planstrategien, skal «ta stilling til om gjeldende kommuneplan eller deler av denne skal revideres, eller om planen skal videreføres uten endringer» (pbl., 2008, § 10-1). Ei slik avklaring bør administrasjonen gi råd om tidleg i perioden.
Har kommunen nyleg gjort ein grundig revisjon av den langsiktige samfunnsdelen, er det lite som tilseier at kommunen vedtek ny runde i gjeldande valperiode. Men med eit tydeleg politisk regimeskifte, eller om det skjer store endringar i lokalt næringsliv, miljøtilstand osb., kan det vere tilrådeleg at arbeidet med planstrategien dannar grunnlaget for utarbeiding av ny samfunnsdel. Denne vil då verte utarbeidd med dei krav til medverknad frå kommunesamfunnet som lova krev.
Regionalt nivå: Rettleiing og regional planstrategi
Det er ei utfordring at lova legg opp til at fylkeskommunane sin regionale planstrategi vert utarbeidd parallelt med kommunane sitt planstrategiarbeid. Dette fører til at kommunane ikkje får dei policy- og strategisignala frå regionalt hald som kunne danne eit vesentleg grunnlag for arbeidet på kommunalt nivå. Fylkestinget vil normalt vedta regional planstrategi omtrent samstundes med kommunane, og med ei slik ordning vil fylkeskommunen sin moglegheit for å legge premiss for det lokale nivået sine strategiar vere svekka eller ikkje-eksisterande. Men fylkeskommunen er ingen overkommune, så reint formelt kan denne praksisen halde fram, sjølv om den kan verke lite gjennomtenkt.
Fylkeskommunen har eit rettleiingsansvar for kommunane sitt planarbeid, og det omfattar arbeidet med planstrategi. Her er det naturleg at fylkeskommunane vektlegg rettleiing som sikrar tidleg oppstart og gir bidrag til å sikre god framdrift i prosessen.
Statleg nivå: Nasjonale forventingar 2023–2027
Vidare står det i lova at nasjonale forventingar (NF) skal følgast opp i alt kommunalt planarbeid. Nye nasjonale forventingar kjem forsommaren 2023, og vi veit lite om det vert noko nytt frå regjeringa i denne runden. Kommunane kan uansett gjere lite for å påverke den nasjonale prosessen med å utforme NF.
Det er grunn til å rekne med at kommunane framleis vert pålagde å gjennomføre planlegging for ei berekraftig utvikling, no med referanse til FN sine 17 berekraftmål. Det er ei viktig oppgåve for administrasjonen og kommunen sitt planfaglege miljø å tolke og omsetje forventingane inn mot det planstrategiarbeidet som skal gå føre seg lokalt.
Politisk leiing og det nye kommunestyret: Eit spørsmål om planpedagogikk?
Korleis skal vi greie å bygge bru mellom dei folkevalde og plansystemet, og korleis skal vi greie å styrke det folkevalde engasjementet i planstrategiprosessen? Det vil utan tvil vere avgjerande med god kommunikasjon mellom administrasjonen og dei folkevalde, slik at ikkje politikarane berre opplev å verte presentert for eit ferdig utkast til planstrategi.
Gapet mellom administrativ og politisk rasjonalitet må reduserast, samtidig som planstrategien må gjerast forståeleg og gjeldande for dei folkevalde. Dei må greie å sjå nytta av å bruke tid på utarbeide planstrategien, og dermed verte meir motiverte for i etterkant å bruke den som ein reiskap i det politiske arbeidet i utval, komitear, formannskap og kommunestyre.
Konklusjon
Det vil nok diverre ikkje finnast ei universal løysing på korleis ein skal forberede, utarbeide og bruke kommunal planstrategi. Planstrategien inngår i det samla plansystemet, som ofte framstår som «ein jungel» for både dei folkevalde og for nytilsette planansvarlege. Det har lenge vore ynskjeleg å finne «vegen» ut av denne jungelen – blant anna gjennom enklare planprosessar og planarbeid, samt realistisk rettleiingsmateriell og ei betre rettleiing frå regionalt nivå/fylkeskommunen etc. Planstrategien skal bidra til nettopp dette.
På sitt beste vil planstrategien vere ein reiskap for forenkling, og den kan fungere som eit bindeledd mellom plansystemet og den (potensielle) reorienteringa av politikken som oppstår kvart fjerde år, utløyst av utfallet i lokalvalet. Innføring av krav om planstrategi må seiast å vere noko i retning av ei genial kopling av styring gjennom plan og reell folkevald styring.
Sjølv om kommunal planstrategi har utfordringar med å finne si lokalpolitiske forankring, og dermed ikkje innfrir lovintensjonane, har den vorte eit positivt tilskot i kommunal planlegging, mykje grunna ein sterk administrativ eigarskap. Kommunane bør difor fortsetje å jobbe for ei betre involvering av dei folkevalde i planstrategiarbeidet.
Vi ynskjer å avslutte med å nok ein gong seie oss einig med Kjersti Kollbotn som skriv i Plan i 2003 at innføring av planstrategi «lyder godt og forfriskande og er kanskje det ‘råaste’ i heile lova». Planstrategien held fram med å vere unik ved at Norge har ein eigen lovpålagt planreiskap som er «spesialdesigna» for dei folkevalde, der intensjonen er å både hjelpe og tvinge politikarane våre til å planlegge, og til å styre på grunnlag av plan.
LITTERATUR
Arge, N. (1978). Hva har vi lært av generalplanarbeidet i Norge?: noen resultater fra et forskningsprosjekt. NIBR-notat (trykt utg.). Oslo: Norsk institutt for by- og regionforskning.
Kollbotn, K. (2003). «Gjev ny lov betre kommunal planlegging?» Plan, 35 (03-04), 75–78.
Kommunal- og moderniseringsdepartementet (2019). Nasjonale forventninger til kommunal og regional planlegging 2019–2023.
Kvalvik, K.J. (2020). Planlegging og politikk: «Når ikkje alt går etter planen». Dei folkevalde sitt møte med kommunal planstrategi – § 10-1 plan og bygningslova (pbl., 2008). Avhandling for graden philosophiae doctor UiT – Norges Arktiske Universitet.
NIVI Analyse (2013). Kartlegging av status i arbeidet med regionale og kommunale planstrategier. Miljøverndepartementet.
Pbl. (2008). Lov om planlegging og byggesaksbehandling (plan- og bygningsloven) (LOV-2008-06-27-71) Henta frå https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2008-06-27-71