MOMS – skatten dei rike godtek

Dei rike klagar over «byrda» av ein prosent skatt på netto formue over 1,7 millionar kroner, men «vanlege folk» betalar faktisk langt størstedelen av skattane i Norge. Blant dei rike og i dei rike sitt favorittparti Høgre har det aldri vore protest mot momsen. Ein kan lure på om det er fordi det er ein ekstremt regressiv skatt som tynger mest for personar med dei lågaste inntektene.

Rune Skarstein - MOMS skatten dei rike godtek - Samfunn og økonomi 1/2025
Foto: AdobeStock
Rune Skarstein tidlegare amanuensis i samfunnsøkonomi ved NTNU
Artikkelen er publisert i Samfunn og økonomi 1/2025

I 2023 sette lakseoppdrettarane i gang eit organisert felttog mot den såkalla lakseskatten, med godt betalte lobbyistar. Dei hevda at denne skatten ville strupe oppdrettsnæringa, ta frå dei naudsynte midlar til investering og føre til store tap av arbeidsplassar.

Den 21. november 2024 kunne Dagens Næringsliv (DN) likevel fortelje at over 20 oppdrettarar hadde auka sine skattemessige formuar med gjennomsnittleg 25 prosent i dyrtidsåret 2023. Dei to ­rikaste, Gustav M. Witzøe (eigar av Salmar) og Inge Harald Berg (eigar av Nordlaks), hadde auka sine formuar med respektive 38 og 34 prosent, men begge er førte opp med null skattbar inntekt.

Det er paradoksalt at sjølv dei fleste som opponerer mot den nemnde skatten, ønskjer gode offentlege tenester. Dei vil ha rask og sikker tilgang til helsehjelp, auka bemanning i politiet, betre skular, betre vegar, betre eldreomsorg, meir kapasitet i domstolane og eit mykje sterkare (og dermed dyrare) forsvar. Men dei har den illusjonen at alt dette kan bli oppnådd ved effektivisering av offentleg sektor utan å auke skattenivået. Om effektivisering ikkje fører fram, er privatisering av offentlege tenester høgresidas vedundermiddel.

Moms – den mest regressive ­skatten

Dei rike klagar over «byrda» av ein prosent skatt på netto formue over 1,7 millionar kroner, men «vanlege folk» betalar faktisk langt størstedelen av skattane i Norge. Etter trygde- og pensjonspremiar er moms den viktigaste skatten til staten. I 2024 utgjorde moms over 400 milliar­dar kroner. Det svarte til over 50 prosent av statens samla skatt på inntekter, formue og inntekt ved utvinning av petroleum.

Blant dei rike og i dei rike sitt favorittparti Høgre har det aldri vore protest mot momsen. Ein kan lure på om det er fordi det er ein ekstremt regressiv skatt som tynger mest for personar med dei lågaste inntektene. Ifølgje data frå Statistisk sentralbyrå (SSB, Rapport 2021/33) utgjer momsen over 20 prosent av brutto­inntekta til dei 50 prosent av befolkninga med lågast inntekt, men mindre enn 5 prosent av bruttoinntekta til den rikaste prosenten. Momsen representerer eit sterkt bidrag til større økonomiske forskjellar skapt gjennom skattesystemet.

Den nemnde rapporten viser at for den rikaste prosenten av befolkninga har den gjennomsnittlege skatte- og avgifts­prosenten falt markant frå 53 prosent i 2001 til 29 prosent i 2018. Denne øvste prosenten har 15 prosent av samla bruttoinntekt, men betalar berre 10 prosent av samla skattar og avgifter.

Dei rike sin motstand mot ­formuesskatten

Medan moms er ein sterkt regressiv skatt som representerer ei betydeleg byrde for hushalda nede på inntektsskalaen, er formuesskatten sterkt progressiv og blir betalt av hushalda høgt oppe på inntektsskalaen. Dei rike sin massive motstand mot formuesskatten er derfor heilt i samsvar med deira klasseinteresser.

Ifølgje bladet Kapital hadde dei 400 rikaste personane i Norge i 2024 ein samla formue på 2139 milliardar kroner. Kapital har berekna at i løpet av året var den verdijusterte avkastninga på denne formuen 14 prosent, det vil si 299 milliardar kroner. Den årlege samla formues­skatten til stat og kommunar er no ca. 35 milliardar kroner, det vil si ein liten brøkdel (mindre enn 12 prosent!) av den årlege avkastninga (profitten) av dei 400 rikaste sin formue.

Det er først og fremst dei rikaste i Norge som betaler formuesskatt. Det offentlege Skatteutvalet finn at berre 13 prosent av alle skatteytarar betalte formuesskatt i 2022 (NOU 2022: 20, s. 257). Dersom denne skatten blir fjerna, blir dei rikaste verkeleg nullskattytarar.

Guttorm Schjelderup ved Norges Handelshøyskole anslår at halvparten av dei som betalte formuesskatt i 2023 betalte mindre enn 14 000 kroner kvar. Den eine prosenten med høgst formue betalte 2/3 av all formuesskatt (Dagens Næringsliv, 28.05.2024). Schjelderup konkluderer med at «å frita aksjer fra formuesskatt er en oppskrift for økt ulikhet og makt­konsentrasjon i det norske samfunnet».

Over eit botnfrådrag på 1,7 millionar kroner er det i dag ein skattesats på 1 prosent på netto formue inntil 20 millionar kroner og 1,1 prosent på formue over 20 millionar. Det er ei rekkje verdsettings­rabattar på formuane sin marknadsverdi, for eksempel 20 prosent på aksjar. Ein formuesskatt med eit høgre botnfrådrag på minst 6 millionar kroner og meir progressivitet – til dømes 1,5 prosent på netto formue over 20 millionar, minst 2 prosent på formue over 100 millionar og 3 prosent på formue over ein milliard kroner – ville etter mitt skjønn vere meir effektiv og «treffsikker» med tanke på økonomisk utjamning.

Vi treng ein progressiv ­arveskatt

Ein stadig større del av vår tids ­formuar er arva. I ein artikkel publisert i 2015 fann Thomas Piketty og Gabriel ­Zucman at delen av totalformuen som er arva ­varierer frå over 50 prosent i Tyskland til nær 60 prosent i Storbritannia.

I Norge sit i dag dei 200 rikaste arvingane på ein samla formue på 540 milliarder ­kroner (Kapital 37/2024). Som Skatteutvalet (s. 285) peikar på: «Å motta arv har likhet med å motta inntekt uten oppofrelse, og den skattepliktige har derfor mulighet til å betale skatten uten å ha egen inntekt ­eller foreta låneopptak.»

IMF foreslår no skatt på både første generasjons formue og arva formue. Dei skriv blant anna: «Sidan ein høg del av formuen er arva, vil arveskatt ha ein sterk effekt på ulikskap i formue og hjelpe til å bremse oppbygginga av dynastiske formuar». (IMF, How to Tax Wealth, Note 01, 2024.)

IMF refererer til Piketty og Saez som foreslår «optimale skattesatsar på 50–60 prosent og jamvel høgre for topp formuar». Når til og med IMF foreslår skatt på formue og arva formue, bør Stortinget snarast vedta å gjere formuesskatten meir progressiv og innføre arveskatt igjen. Men etter mitt skjønn bør botnfrådraget i arveskatten vere betydeleg høgre og progressiviteten langt større enn Skatteutvalet foreslår (s. 286–288).

Auka skatt på formue og arv kan bidra til utjamning også ved å kompensere for ein reduksjon av den regressive momsen (som no er 25 prosent). Men først og fremst må den auka skatten på private formuar gå til å halde ved like offentlege tenester.

Dei rike og deira politiske parti vil tvert imot ha redusert skatt. Dei skuldar offentleg sektor for sløsing med ressursar, og meiner at det derfor er stort rom for effektivisering av mellom anna helse­tenester, eldreomsorg og utdanning. Eigentleg betraktar dei offentleg sektor på linje med fabrikkar for masseproduksjon. Derfor bør offentleg sektor bli utsett for konkurranse frå private aktørar.

Når det oppstår helsekøar, bør dei meir effektive private selskapa få «sleppe til». I yttarste ­konsekvens betyr dette at skattefinansierte velferdstenester skal bli utførte av private profittjaktande selskap, og at offentleg sektor skal fungere som betalingssentral for desse aktørane (jf. artikkelen Helsekronene, Klassekampen, 24.07.2024).

Offentlege velferdsgode i lys av Baumols teori

Denne argumentasjonen ignorerer det grunnleggande særtrekket ved offentleg velferdsyting, nemleg at ho er dominert av det SSB har klassifisert som «tenester med arbeidslønn som dominerande prisfaktor». Her er økonomen William Baumols analyse av det han ironisk ­kalla «kostnadssykja ved personleg teneste­yting» høgst relevant.

Baumol deler økonomien i to sektorar. Den «dynamiske» sektoren er kjenneteikna ved «industriell» masseproduksjon med stadige arbeidssparande innovasjonar og dermed svært rask vekst i arbeidsproduktiviteten. Den «stagnerande» sektoren er kjenneteikna ved eit dominerande innslag av personleg tenesteyting der den som yter tenesta står ansikt til ansikt med mottakaren.

I den «stagnerande» sektoren finn vi blant anna undervising, barneomsorg, helse­tenester, eldreomsorg, tannlege­tenester, frisørtenester, orkester, teater og advokattenester. Arbeidssparande innovasjonar er ikkje heilt fråverande i den «stagnerande» og relativt «innovasjons­resistente» sektoren, men veksten i arbeidsproduktiviteten på lang sikt er svært mykje lågare enn i den «dynamiske» industriprega sektoren. Grunnen til dette er openberr: Dersom arbeids­tempoet til kirurgar, tannlegar, sjukepleiarar, ­lærarar, frisørar, musikarar eller advokatar med tida blir betydeleg auka, vil kvaliteten på desse tenestene gå alvorleg ned.

Samtidig aukar lønningane omtrent like raskt i heile økonomien. Kostnadene og dermed prisane i den «stagnerande» sektoren stig følgjeleg betydeleg meir enn den generelle prisveksten, medan det motsette er tilfelle for den «dynamiske» sektoren. Dette er essensen i «kostnadssykja».

Baumol slår fast at det han ironisk ­kallar «kostnadssykja», er «ein uunngåeleg del av økonomisk framsteg» og ikkje ei sykje i det heile tatt. Med eksempel særleg frå helse- og undervisingssektoren viser han at dette fenomenet har skjedd i alle industrialiserte land i både privat og offentleg sektor: «Kostnadssykja er universell».

Eksempel frå Norge

La meg ta to eksempel frå Norge, begge frå sektorar som i hovudsak er private. I perioden 1999–2023 auka prisen på tannlegetenester med i gjennomsnitt 5,2 prosent per år. I den same perioden var den gjennomsnittlege generelle prisveksten (KPI) 2,4 prosent per år. Det ­betyr ein realprisvekst for tannlegetenester på 2,8 prosent per år, eller 94 prosent over heile perioden. Tannlegetenester har tatt ein sterkt aukande del av gjennomsnittshushaldet sine utgifter.

Det andre eksempelet er at i perioden 2005–2020 auka prisen på juridiske tenester med gjennomsnittleg 3,8 prosent per år, medan den generelle prisveksten var 2,1 prosent per år i den same perioden. Det betyr ein realprisvekst på 1,7 prosent per år, ­eller 29 prosent over heile perioden.

I perioden 2002–2022 steig dei totale helseutgiftene i Norge med gjennomsnittleg 5,69 prosent per år. I den same perioden var den gjennomsnittlege generelle prisveksten (KPI) 2,25 prosent per år. Baumol kommenterer: «Nesten kvar einaste industrinasjon har prøvd å hindre at desse kostnadene stig meir enn den generelle prisveksten – og alle har mislykkast». Han framhevar at den som brukar referanse til «kostnadssykja» som argument for privatisering av helsevesenet, ikkje har forstått kva dette dreier seg om: «Privatisering er ikkje nokon kur mot kostnadssykja».

Baumol gjentek at etterspørselen etter helsetenester i industrisamfunn aukar, ikkje berre på grunn av aldrande befolkning, men som eit sentralt aspekt ved den økonomiske utviklinga.

Høgre skattlegging av dei rike er naudsynt

Her bør det vere nemnt at helseutgiftene i Norge som del av BNP overraskande for mange var nøyaktig dei same i 2022 som i 2002 (8,1 prosent). I den same perioden vart talet på behandlingar ved ­somatiske sjukehus nær dobla frå 1,10 millionar i 2002 til 2,07 millionar i 2022. Delvis kan desse tala vere eit resultat av meir ­effektive diagnose- og behandlingsmetodar. Men først og fremst tyder dei på ein sterk auke i arbeidsinnsatsen på sjukehusa. Det er ein auke som ikkje kan halde fram utan overbelastning av personalet og ­dårlegare kvalitet på behandlinga.

Det er ikkje dei som arbeider i helseinstitusjonane som har ansvaret for den store behandlings­køen (ca. 250 000). Det ansvaret ligg hos toppleiarane i helsevesenet og hos poli­tikarane som ikkje har gitt helseinstitusjonane tilstrekkeleg med ressursar til å utføre oppgåvene sine. Meir ressursar gjer det naudsynt med høgre skattar.

At det generelle skattenivået må bli auka for å oppretthalde ein akseptabel kvalitet og tilgjengelegheit på utdanning, helse og andre velferdsgode, er ingen dristig spådom. Særleg gjennom momsen gir befolkninga med dei lågaste inntektene allereie eit stort bidrag til fellesskapet.

Dersom samfunnet vårt ikkje skal begynne å gå opp i liminga, bør heile rekninga for denne auken bli sendt til dei rikaste. Det er opp til Stortinget å endre skattesystemet slik at det blir meir rettferdig, og ulikheita blir redusert.