
Nils Aarsæther professor emeritus i samfunnsplanlegging, UiT Norges arktiske universitet
Artikkelen er publisert i Samfunn og Økonomi 2/2025
ARTIKKELEN ER FAGFELLEVURDERT
Kort fortalt er dagens situasjon denne: Eit Distrikts-Norge med (1) omfattande næringsaktivitetar og (2) godt ubygde velferdstenester – men som slit med å rekruttere fastbuande arbeidskraft. I denne artikkelen er hovudfokus på dei tiltak og strategiar som blir nytta for å rekruttere arbeidskraft til ledige jobbar i distrikta. Først stiller vi spørsmålet om bakgrunnen for dagens situasjon, deretter korleis vi kan analysere dagens mangel på arbeidskraft. Så tar vi opp strategiar som blir nytta for å sikre arbeidskraft og stiller spørsmål om kor effektive dei ulike tiltaka kan vere. Til sist gir vi ei fagleg basert vurdering av korleis det kan vere aktuelt å auke og forbetre innsatsen – og moglegheitene for å lukkast med det.
Artikkelen er basert på eit nordisk kartleggingsarbeid i regi av Nordregio (Slätmo m.fl. 2024). Prosjektet gjekk føre seg 2022–2024, og er basert på forskarbidrag frå kvart nordisk land.1 I tillegg bygger denne artikkelen på stortingsmeldingar og utgreiingar som omhandlar behovet for arbeidskraft i distrikta.2
Internasjonalt er det sparsamt med studiar som er relevante for dette «nordiske» fenomenet: Ei utvikling med økonomisk ekspansjon og mangel på arbeidskraft i den geografiske periferien er noko som må reknast som eit avvik, og dette er eit tema som i liten grad er blitt tatt opp i «den rurale diskursen» i den internasjonale faglitteraturen.3
Distrikta: Frå leverandør av arbeidskraft til importør
Før vi går nærare inn på dagens situasjon, er det grunn til å minne om det store skiftet i Distrikts-Norge som har skjedd i løpet av dei siste tiåra. Lenge var distrikta «hovudleverandør» av arbeidskraft til Storby-Norge, gjennom tilflytting og pendling. Grunnen til dette var overbefolkning i distrikta, sett forhold til det lokale jobbtilbodet og inntektsgrunnlaget, og ein aukande etterspurnad etter arbeidskraft i byane.
Overbefolkning handla fram til 1950-åra om store barnetal, i familiar som levde av jordbruket. Det var normalt med barnekull på fem-seks, men berre ein kunne overta garden. Ei dotter kunne ofte gifte seg lokalt, mens borna elles måtte ofte flytte ut av bygda – eller landet – for å finne seg arbeid. På 1800-talet utvandra mange bygdeungdomar til USA og Canada, men utover på 1900-talet blei det ein industriell og handelsmessig ekspansjon i norske byar, slik at overskottsbefolkninga på bygdene slepte å dra utanlands for å finne arbeid og etablere seg.
På 1970-talet blei det ein overraskande brems på tilflyttinga frå landdistrikta, noko som hadde si forklaring i både den desentraliserte velferdsstaten og det reduserte barnetalet (p-pille og sjølvbestemt abort). Gjennom kvinnene sin kontroll over reproduksjonen blei barnetala i bygdefamiliane dramatisk redusert.
Etter kvart førte dette til eit tap av tilflytta «overskottsungdom» frå distrikta, noko som blei spesielt følbart i Oslo-regionen. 1970-talet blei eit tiår der mange industribedrifter ekspanderte i distrikta, ikkje minst som følgje av oljealderen. Fråværet av store flyttestraumar frå distrikta til storbyane førte til import av arbeidskraft frå utlandet, særleg frå Pakistan.
Store endringar i distrikta
Etter år 2000 skjer det store ting i Distrikts-Norge, særleg i Kyst-Norge. Først blir velferdstilbodet i kommunane utvida og utvikla – no er også barnehagar, sjukeheimar, heimebaserte tenester, kulturskolar og eit utvida helsetilbod på plass. Dette skaper fleire kommunale arbeidsplassar, for både ufaglærte og høgt utdanna.
I privat sektor blir det ekspansjon i hyttebygging og reiseliv, og langs kysten ein sterk vekst i oppdrettsnæringa. Fiskeoppdrett er ei næring som favoriserer dei mest perifere kystkommunane. Merdane for oppdrettslaks må helst liggje langt frå kvarandre og langt frå tettsteder, for å sikre tilgang på reint havvatn og hindre spreiing av smitte.
Parallelt med investeringar og jobbar i reiseliv og oppdrettsnæringa blir det i mange distriktskommunar investert i vindkraftanlegg. Vidare gjer breibandutbygginga det enklare å etablere firma og operere ut frå heimekontor for folk som har busett seg utanfor byane. Distrikts-Norge er på ingen måte eit stilleståande jordbruks- og fiskerisamfunn.
I den omfattande kartlegginga av næringsutviklinga i Distrikts-Norge som kom i 2020 (NOU 2020: 12), finn vi denne oppsummeringa: «En viktig konklusjon er at verdiskapingen i distriktsnæringslivet har vokst sterkt de siste årene, og produktiviteten i næringslivet er nå høyest i de minst sentrale kommunene».4
No er det ikkje lenger berre By-Norge som etterspør arbeidskraft; nasjonalt sett er det blitt behov for fleire arbeidstakarar enn det bygder og byar sjølve kan bringe fram gjennom naturleg tilvekst. Trass i ei sterk satsing på barnehagar, går barnetalet framleis ned, og dermed blir utsiktene til å få fylt jobbane – også utover i landet – reduserte. Ein av grunnane til at distrikta slit, er at store delar av ungdomskulla søker ut av distrikta, no ikkje for å søke arbeid, men for å søke høgre utdanning.
Høgre utdanning produserer også sentralisering
Det er litt av eit paradoks at sjølv når det er blitt fleire jobbar i regionane, så held utflyttinga av ungdom fram. Men gjennom utbygginga av studieførebuande liner i det vidaregåande skolesystemet blir ein stadig større del av distriktsungdomen slusa inn mot høgre utdanningsinstitusjonar i byane.
I og for seg skulle ikkje dette vere noko problem, for ved sidan av dei industrielle jobbane er det blitt ein arbeidsmarknad også for høgt utdanna personale, særleg i den kommunale organisasjonen (jobbar som lege, tannlege, sjukepleiar, psykolog, NAV-rådgivar, fysioterapeut, spesialpedagog, planleggar, ingeniør, prest, økonom, jurist og kulturskolelærar).
Men ungdom som blir utdanna ved universiteta søkjer seg i liten grad tilbake til distriktet. Ofte er dei på veg oppover i det regionale hierarkiet, til kompetansejobbar i storbyane der mange, trass i høge husprisar, ser fordelar i å arbeide, då i større og meir spesialiserte fagmiljø.
At ungdom rettar seg inn mot høgre utdanning får også konsekvensar for rekrutteringa til – og drift av – fagskolar. Her blir elevgrunnlaget så svakt at det mange steder er vanskeleg å oppretthalde liner for t.d. bygg- og ingeniørfag. Men dette er utdanningar som nettopp skulle svare ut distriktsnæringslivet sitt rekrutteringsbehov. Resultatet: Ein tydeleg ubalanse mellom fagutdanning og akademisk utdanning.
Mens det i 2023 var om lag 30 000 elevar ved norske fagskolar, var det godt over 300 000 som studerte ved universitet og høgskolar.5 Etter tusenårsskiftet har demografiske og utdanningspolitiske faktorar, saman med ein ekspansiv arbeidsmarknad, ført til ein tydeleg mangel på både faglærte arbeidarar (dei er for få) og på høgt utdanna personale (dei finst, men vil helst bu og jobbe i storbyen) som kunne fylle jobbane i Distrikts-Norge.
Arbeidskraftimport
2003 blei eit avgjerande år for vekstkrafta i Norges økonomi, i både storbyar og utkantkommunar. Dette er året då arbeidskraftimport blir ein del av EØS-avtalen mellom Norge og EU. Arbeidskraft kan no rekrutterast frå heile EU/EØS-området. Ettersom det er høgre arbeidsløyse og lågare lønsnivå i dei fleste EU-landa enn i Norge, opplevde vi ein stor import av arbeidskraft, spesielt frå Polen og dei baltiske landa.
Ved sidan av arbeidsinnvandring aukar straumen av flyktningar til Norge, særleg frå Midt-Austen og Aust-Afrika. Asylsøkarar som får opphald blir dermed ein ekstra tilførsel til arbeidsmarknaden, i både by og distrikt.
Stor innvandring gir sjølvsagt påkjenningar, men den økonomiske veksten frå 2003 og fram til finanskrisa i 2008 er formidabel. Brutto nasjonalprodukt pr. innbyggar var 356 000 kroner i 2003 – i 2008 har talet auka til 550 000.6 Dette er sjølvsagt ikkje berre eit resultat av arbeidskraftimporten, men tilførsel av arbeidskraft frå utlandet har utan tvil bidratt til økonomisk ekspansjon i både bygd og by.
Storbylivets tiltrekking
Med god tilførsel av arbeidskraft frå utlandet ser det ut til at det er blitt betre balanse i regionale arbeidsmarknader. I løpet av dei siste åra er det blitt meir enn 100 000 EØS-borgarar (i hovudsak frå Aust-Europa) som jobbar i industribedrifter i distrikta. På den andre sida skulle den store kandidatproduksjonen ved universitet og høgskolar ideelt sett tilføre offentleg sektor i distrikta kvalifisert arbeidskraft.
Men så enkelt skulle det ikkje bli. Mykje tyder på at urbaniseringa og særleg storbylivet har fått ein verdi i seg sjølv. No er det ikkje lenger primært behov for jobb som drar ungdom til storbyane, men høgre utdanning og det å kunne leve storbylivet. Som eit svar på etterspurnaden etter «Oslo-livet» er det blitt oppretta stadig fleire studieplassar ved offentlege universitet og høgskolar i hovudstaden, men ikkje minst er det blitt ein vekst i det private høgskoletilbodet her. Og studentar som ikkje kjem inn ved institusjonane i Oslo kan registrere seg ved universiteta i Tromsø, Bergen osv. og operere som «digitale» distansestudentar utan å måtte forlate hovudstaden.7
Dette står i ein slåande kontrast til tusenvis av ledige studieplassar i regionane (som alle er forsynte med universitets- og høgskoletilbod, og der bukostnadene kan vere det halve av leigeprisen i Oslo).
I NOU 2020: 15, utredninga om demografiutfordringar i distrikta, finn vi formuleringa «selv om det skapes arbeidsplasser i distriktene, er det mange som likevel velger å bosette seg sentralt». Det same synest å gjelde for studieplassar.
Dette er, kort fortalt, bakteppet for den situasjonen Distrikts-Norge er i pr. 2025: Ein ekspansiv privat sektor i distrikta (reiseliv, oppdrett, bygg/anlegg, mekanisk industri) manglar folk, og ser til utlandet for å rekruttere, mens offentleg sektor – i praksis kommunen – slit med å rekruttere personale på alle nivå – frå faglærde omsorgsarbeidarar til høgkompetent personale.
I motsetning til industrijobbane i privat sektor vil dei fleste jobbane i kommunal sektor krevje språkferdighet i norsk, og då er det ikkje så enkelt å fylle på med innleidd arbeidskraft og kompetanse frå utlandet.
Eit analytisk rammeverk
I Norge har det ikkje mangla på kunnskap, tiltak og strategiar for å møte problemet «arbeidskraft til distrikta». Eit oversyn over kunnskapsgrunnlaget er blitt behørig referert i dei store, statlege utredningsarbeida (NOU 2020: 12 og 15, og i Distriktssenteret sin rapport frå 2020). I det følgande blir det presentert ein modell som kan bidra til oversyn over problemet og korleis det blir handtert.
Når vi snakkar om strategiar og tiltak, må vi først spesifisere aktørar, kven det er som handlar og tar ansvar. Det er ikkje berre sentrale styresmakter som engasjerer seg, det er aktørar av ulike typar, og på ulike nivå, som opererer i feltet. Strategiane som aktørane utviklar kan delast i direkte og indirekte. Direkte strategiar er slike som rettar seg mot potensielle arbeidssøkjarar. Indirekte strategiar vil vere slike som ulike måtar framhevar fordelar ved det rurale livet og jobbmoglegheiter i distrikta.
Til sist kan strategiane vere uformelle, adhoc-baserte eller formaliserte ordningar. Spesifiseringa av aktørar og strategitypar som blir skisserte her, må ikkje gi inntrykk av at det er klåre grenser mellom dei. Det kan vere samarbeid på tvers av (aktør)nivåa – eller strategiar kan gå i aktøren sin eigen regi.
I tabell 1 under er det gjort eit forsøk på å systematisere innsatsen for å skaffe arbeidskraft til distrikta, ved skjematisk å spesifisere aktørar og vise eksempel på direkte og indirekte strategiar i denne innsatsen.

I ein kort artikkel er det ikkje mogleg å gi eit fullstendig oversyn over dei mange aktørane og innsatstypane, og ikkje minst samarbeidsformer mellom aktørar. Oversynet som er gitt i tabellen over skal vi kort kommentere i det følgande.
Aktørar som engasjerer seg for å skaffe arbeidskraft
Ut frå tabellen tenker vi oss eit svært spenn når det gjeld aktørar. På absolutt mikronivå møter dei familiebaserte produksjonshushalda utfordringar når det nærmar seg generasjonsskifte. Mens det tidlegare låg i korta at eldste barn skulle ha førsteretten til å overta driftseininga, er dette i dag ingen garanti for vidareføring av drifta. Her må eigarane/foreldra tenke ut korleis dei skal sikre vidare drift når dagens generasjon sluttar.
Frå det heilt lokale nivå kan vi ta spranget opp til det sentrale nivå – den statlege politikken. Her er arbeidskraftmangelen ei nokså ny problemstilling: Det ligg ein ironi i at distriktspolitikken frå starten av var basert på ideen om at det var (meir enn) nok arbeidskraft tilgjengeleg i Distrikts-Norge. Det som mangla var arbeidsplassar (Teigen, 2019, kap. 2).
Mellom makro-nivået (staten) og mikronivået (bedrifta, produksjonshushaldet) er det fleire aktørar. Under det statlege nivået har vi fylkeskommunane. Fylkeskommunen har ansvar for vidaregåande opplæring, både studieførebuande tilbod og fagutdanningane. Fram til heilt nyleg har det vore ei forskyving over mot den studieførebuande delen, noko som slett ikkje har gagna arbeidet med å skaffe faglært arbeidskraft. Men fylkeskommunane er i dag blitt tydeleg klar over ansvaret dei har for å dimensjonere og innrette utdanninga mot det regionale arbeidslivet sine samansette behov.
Fylkeskommunen er også ein viktig aktør når det gjeld transport – veg og kollektivtilbod, noko som også har betydning for rekruttering av arbeidskraft. Moglegheitene for pendling og generell mobilitet kan vere avgjerande for at etatar og bedrifter. Også her er det ei endring: Mens straumen av pendlarar før nærast eintydig gjekk frå bygd til by, er det i dag ein betydeleg andel som er busett utanfor kommunegrensa, men som arbeider i ein distriktskommune.8
Kommunen er som vi skal sjå ein nøkkelaktør, for den har rolla både som samfunnsutviklar, som næringsutviklar og som arbeidsgivar. Samstundes som distriktskommunane strevar med å løyse sine interne rekrutteringsproblem, vil gjerne kommunen vere ein støttespelar for bedrifter og produksjonshushald som slit med rekruttering.
Og som brei samfunnsutviklar har kommunen eit ansvar for både tenestetilbodet og dei trivnadsmessige omgivnadene til nyrekrutterte tilsette. Kommunen har eit ansvar for at dei som flyttar dit opplever livet i ein distriktskommune som noko positivt, vel vitande om at det er både utfordringar (for eksempel lange avstandar og lite folk) og moglegheiter (tryggheit, låge bustadprisar og god tilgang til natur).
Næringsorganisasjonar og rekrutteringsbyrå vil også ha ei rolle i dette arbeidet. Næringsorganisasjonar er både sektorielle og horisontale. Sektorielt har vi organisasjonar i primærnæringane som hjelper medlemmane sine med rekruttering der det skortar på tilgang til familiær og lokal arbeidskraft. Horisontalt har vi lokale næringsforeiningar som kan sette felles tiltak for å rekruttere til stedet/kommunen sine bedrifter på dagsordenen. Viktige er også private rekrutteringsfirma, typisk med gode kontaktar i Aust-Europa.
Lokale bedrifter er heilt sentrale i rekrutteringsarbeidet. Mens lokale bedrifter i tidlegare tider nærast blei nedrent av bygdefolk som ønskte seg jobb (og det stundom måtte innførast loddtrekning om jobbane mellom like kvalifiserte!) så er situasjonen heilt annleis i dag. Talentfulle ungdomar blir sugd opp av utdanningsystemet, og lokale bedriftsleiarar har lært seg at dei i dag må motivere ungdom og tilpasse seg behova til dei potensielle arbeidssøkarane.
Meir lettvint kan det vere å bruke rekrutteringsbyrå for å hente inn arbeidskraft frå utlandet, og sette opp brakkeriggar der arbeidarane kan bu. Dette kan nok sikre tilgangen på arbeidskraft, men det vil bli personale med eit kort tidsperspektiv på arbeidsforholdet og opphaldet i kommunen.
Slik dei er presenterte her, femner aktørfeltet om seks typar/nivå, og alle desse kan bli mobiliserte for rekrutteringsinnsatsar. Då må det koordinering til, og det er nærast innlysande at kommunen er i førarsetet her, både som «territoriell» aktør, med eit stort ansvar for busettinga, og som etterspørjar etter arbeidskraft til eigen organisasjon.
Kommunen kan også sende signal oppover til fylkeskommune og stat, politisk så vel som administrativt/fagleg, og den kan involvere seg i utviklingsarbeid ut over pålagde oppgåver.
Direkte og indirekte strategiar
Det er sjølvsagt ikkje noko anten/eller her: Bedrifter og etatar må drive rekrutteringsarbeid direkte innretta mot å få kvalifiserte folk til å søkje jobbar lokalt, eller utvikle kompetanse hos lokale folk.
Men like viktig vil det vere å bidra til at ein nytilsett ikkje berre trivst i jobben, men også med og på stedet – heilskapen som utgjerast av bustaden, bumiljøet sine funksjonelle og estetiske kvalitetar, offentlege og private tenester, naturtilgangen, kommunikasjonar opp mot sentra – og det sosiale livet i lokalsamfunnet.
Ulike målgrupper i rekrutteringsarbeidet
På same måte som det er ulike aktørar som driv rekrutteringsarbeid, er det ulike målgrupper for tiltaka. For distriktskommunar vil det i stadig større grad vere tale om å trekke til seg folk utanfrå, fordi befolkningssamansettinga lokalt tilseier at eigenrekruttering uansett ikkje vil utgjere ei stor nok gruppe til å møte behovet for arbeidskraft.
Men ein kan ikkje dermed sjå bort frå å satse på dei som veks opp der, dei som er under utdanning, eller andre («lokale reservistar») som bur i kommunen og kanskje ikkje fullt ut nyttar sin arbeidskapasitet, eller som manglar kompetanse.
Unge under vidaregåande og høgre utdanning vil vere ei nøkkelgruppe. Ei viktig oppgåve vil vere å motivere fleire til å ta fagutdanning heller enn å sikte seg inn mot teoretiske studiar. Men dei med fullført høgre utdanning står i ein valsituasjon når det gjeld kor dei vil søkje arbeid og busette seg. Mange av desse er typisk i ferd med å etablere seg med partnar og barn. Heimkommunen har sikkert billige tomter å tilby, men det er økonomisk sett risikofylt å gå i gang med husbygging. Salsverdien vil ligge millionar under byggekostnad – om ein seinare skulle flytte. Det er også vanskeleg å få kjøpt eit eldre hus for oppgradering, for mange av desse husa er disponerte til fritidsbustader eller korttidsutleige til turistar.
Frå mellombels arbeid til permanent tilflytting: Ei svært viktig gruppe i rekrutteringsarbeidet er innkomne arbeidstakarar. Det kan dreie seg om ferdig utdanna kandidatar frå skolar og universitet i Norge, om arbeidssøkjarar frå EØS-land (i hovudsak frå Aust-Europa), og det dreier seg om flyktningar/asylsøkjarar som er blitt busett i kommunane. Ein ting er å få dei tilsett, ein annan ting er å få dei til å innrette seg på å bli over ein lengre tidsperiode. Å få folk til å kome dreier seg om direkte rekruttering, men det å få folk til å busette seg, krev først og fremst indirekte tilrettelegging.
Stedsutvikling – moglegheiter og utfordringar
Det er grunn til å framheve spesielt ein type tiltak, og det er (det «indirekte») arbeidet med å utvikle attraktive steder i distrikta. Hovudaktøren her vil vere kommunen. Det er nettopp kommunen sitt allsidige virke og myndigheitsområde som kan danne det beste grunnlaget for stedsutvikling og attraktivitet. Norske kommunar har ein unik evne til å finne lokale tilpassingar og løysingar, for her er det ikkje snakk om nokon A4-type-løysing det gjeld. Ideen om det attraktive stedet må få si særeigne utforming, ut ifrå kultur, topografi og skala.
Samtidig må det vere lov til å framheve stedet sin «funksjonalitet» og sitt «inkluderingspotensial» som to allmenne prinsipp i stedsutviklinga. Funksjonalitet handlar om samling av funksjonar – ei geografisk samling av offentlege og private tilbod. Inkludering handlar om tilrettelegging for at nykomarar raskt blir ein del av lokalsamfunnet, at det finst møteplassar og arenaer der ein både organisert (idrettslag), og tilfeldig (kafé), kan bli kjende.
Kombinasjonen av stedet sine tradisjonar og tilrettelegging for eit moderne liv er nøkkelen til god stedsutvikling, og det er kommunen sine fagpersonar og folkevalde som har dette ansvaret, sjølvsagt i samarbeid med næringsliv og frivilligheit/eldsjeler.
Å få til stedsutvikling er særleg utfordrande fordi mange av distriktskommunane tradisjonelt har operert med ein ekstremt desentralisert busettingsmodell, båre oppe av produksjonshushald langs fjordar og oppover i dalstroka, og der den politiske kulturen har innebygd ein skepsis til å bygge eit funksjonelt kommunesenter.
Men ein ting er å bygge saman eit tett sentrumsområde, ein annan sak er at kommunen sin attraktivitet i stor grad handlar om å kunne tilby bustader som er romslege, rimelege, nær naturen og som byr på småskala dyrkingsmoglegheiter. Tilgang til eit tett og pulserande sentrum skal vere mogleg utan at alle skal bu der. Elektrifisert transport, privat eller kollektiv, gjer det i dag mogleg å leve «spreidd», ha periodisk tilgang til bylivet, og dette utan å påføre planeten store miljøbelastningar.
I konkurranse med storbyen – kan distrikta lukkast?
I dag har distriktslivet langt på veg tapt kampen mot storbylivet. Urbaniseringa er i dag drive fram av eit fleirtal sin preferanse for storbyliv, og dette er ein langt sterkare trend enn dei spora vi kan sjå av tendensen til å velje det moderne bygdelivet. Spesielt for unge under utdanning er det meir aktuelt å operere i eit stort, pulserande storbymiljø enn det det mindre tettstedet kan by på.
Men arbeidskraftbehovet i distrikta viser at dei unge, nokså risikofritt kan velje den moderniserte ruraliteten. Og for folk med kortare utdanning og/eller utanlandsk bakgrunn vil det vere betydelege velferdsvinstar ved å busette seg desentralt i Norge.
Konklusjonen er at det i tida som kjem må bli satsa på «attraktive steder» for at bedrifter, gardsbruk og offentlege tenesteorganisasjonar skal få tilgang til kvalifisert arbeidskraft. Dette utelukkar sjølvsagt ikkje dei direkte strategiane. Ved å kombinere arbeidskraftretta strategiar med stedsutvikling vil både næringsliv og offentleg sektor i distrikta kunne stå i ein betre posisjon for å trekke til seg kvalifisert arbeidskraft. Samstundes vil ein gjennom ein slik kombinasjon bidra til å (sam)skape ein rural modernitet – og dermed kunne utfordre urbanismen sitt kulturelle hegemoni.
Nøkkelspørsmålet er til slutt om distriktskommunane i dag er sterke nok til å ta sin del av denne store oppgåva. Ikkje alle har gode føresetnader, men det er mange gode hjelparar på høgre nivå, og gjennomgåande må det lokalt opplevast som stimulerande å vite at jobbane er der – det er folk som manglar.
NOTAR
1 Nordregio-prosjekt Strategies to Address Nordic Rural Labour Shortages (2022–2024), med prosjektleiar dr. Elin Slätmo, seniorforskar ved Nordregio (elin.slatmo@nordregio.org). Prosjektet si heimeside: https://nordregio.org/research/strategies-to-address-rural-labour-shortage/
2 Sentrale kunnskapskjelder er:
• Distriktssenteret (2020). Tilflyttings- og rekutteringsarbeid i distriktene – en oppsummering av kunnskap.
• Kommunal- og distriktsdepartementet (2023). Eit godt liv i heile Noreg. Meld. St. 27 (2022–2023).
• NOU 2020: 12. Næringslivets betydning for levende og bærekraftige lokalsamfunn.
• NOU 2020: 15. Det handler om Norge – Utredning om konsekvenser av demografiutfordringer i distriktene.
3 Det oppdaterte oversynsverket Rethinking Rural Studies (Brown & Shuksmith, 2024) nemner så vidt problematikken (s. 117–118), men nøyer seg med å vise til strategiar for tilpassing til befolkningsnedgang i distrikta.
4 NOU 2020: 12, s. 11.
5 Tala er avrunda, og henta frå ssb.no Fakta om utdanning, 2023. Her er talet på elevar ved fagskolar 29 564, og talet på studentar ved høgskolar og universitet 311 765.
6 https://www.ssb.no/nasjonalregnskap-og-konjunkturer/faktaside/norsk-okonomi
7 Det er ein ironi i dette at etablering av fjernundervisning, som skulle gjere det mogleg å bu i distrikta, no også blir tatt i bruk for å sleppe å bu i distrikta.
8 Pendlingstal på kommunenivå er enkelt tilgjengeleg på ssb.no/kommunefakta. Eksempel: Kommunen Fjord i Møre og Romsdal (2512 innb.) hadde i 2023 ei utpendling på 367 personar og ei innpendling på 353.
REFERANSAR
Brown, D.L. & Shucksmith, M. (2024). Rethinking Rural Studies. Cheltenham, UK: Edward Elgar.
Kunnskapsdepartementet (2022). Meld. St. 14 (2022–2023) Utsyn over kompetansebehovet i Norge.
Distriktssenteret (2020) Tilflyttings- og rekrutteringsarbeid i distriktene – en oppsummering av kunnskap. www.regjeringen.no/contentassets/3b37c1baa63a46989cb558a65fccf7a1/no/sved/2.pdf.
Kommunal- og distriktsdepartementet (2023). Meld. St. 27 (2022–2023) Eit godt liv i heile Noreg – distriktspolitikk for framtida. www.regjeringen.no/no/dokumenter/meld.-st.-27-20222023/id2985545/?ch=1 and www.regjeringen.no/contentassets/c50898d2683e4edfb008e5f29f2e0666/en-gb/pdfs/stm202220230027000engpdfs.pdf (English version).
NOU (2020). Det handler om Norge – Utredning om konsekvenser av demografiutfordringer i distriktene. Oslo: Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon Teknisk redaksjon. www.regjeringen.no/no/dokumenter/nou-2020-15/id2788079/.
Slätmo, E., Norlén, G., Dzhavatova, K., Carstensen, M.B., Vihinen, H., Hammeken, B., Sölvi Kristjánsson, A., Aarsæther, N., Eriksson, R. H., Johansson, L., og Lundberg, T. (2024). Strategies to Address Nordic Rural Labour Shortage. Nordregio report 2024:23. http://doi.org/10.6027/R2024:23.1403-2503
Teigen, H. (2017). Distriktspolitikkens historie i Norge, Oslo: Cappelen-Damm Akademisk.