
Olav S. Rabbe elektroingeniør og leiar i Røldal grunneigarlag
Artikkelen er publisert i Samfunn og økonomi 1/2026
Sidan 2022 har spørsmålet om eigarskapet til Røldal-Suldal Kraft medført stor politisk uro både lokalt og nasjonalt. Industrikonsesjon for Røldal-Suldal Kraft AS (RSK) vart godkjend i 1962, og anlegget skulle ha heimfall til staten og vertskommunane Ullensvang og Suldal etter 60 år, den 22. desember 2022. Men 20. oktober 2020 feira Hydro, Lyse og Olje- og energidepartementet (OED) v/statsråd Tina Bru med marsipankake og norske flagg at dei hadde inngått ein avtale som skulle hindra gjennomføring av heimfall av RSK til staten og vertskommunane. Først året etter, den 11. juni 2021, vart det vedteke ein kongeleg resolusjon om overføring av RSK til det nye selskapet Lyse Kraft DA. Dåverande statsminister Erna Solberg kalla det ein «selskapsfinte».1
I realiteten har Hydro v/Lyse Kraft DA fått gratis tidsuavgrensa (evig) konsesjon. Mange reagerer på å gi vekk naturressursane i Røldal og Øvre Suldal til Hydro, at det er eit alvorleg brot på samfunnskontrakten og eit svik mot lokalsamfunnet og det norske folk. Vasskrafta og naturen er naturressursar med stor og evigvarande verdi.
Innbyggjarinitiativet i Ullensvang kommune og Vestland med tittelen Er overføringa av kraftanlegget RSK til Lyse Kraft DA lovleg? fekk så mange underskrifter at det måtte drøftast både i kommunestyret i Ullensvang og i Vestland fylkesting. Det kom støttande vedtak frå begge.2
Heimfall
Industrikonsesjonen med heimfall har opphav i å sikra at kraftanlegga og naturkapitalen skulle bli tilbakeført til fellesskapet. Ved gjennomføring av fornya konsesjon skulle uforutsett skade og ulempe kunna rettast opp til nytte for framtidige generasjonar. «Heimfall» er opprinneleg eit tysk juridisk omgrep, brukt om noko som skal leverast tilbake til opprinneleg eigar.
Bakgrunn
Ei slik forståing låg til grunn for at kommunen i 1962 under sterk tvil gjekk med på kraftverksplanane. Vedtaket var i all hovudsak basert på den overordna nytten kraftanlegga ville ha for landet som grunnlag for investering i nye industriarbeidsplassar på Vestlandet, og at anlegget skulle ha heimfall, det vil sei at etter 60 år skulle heile anlegget vederlagsfritt tilfalla fellesskapet «det norske folk» og inntil ein tredel til vertskommunane. Fordi anlegget også skulle ha heimfall til staten, godkjende Stortinget å finansiera 50 prosent av byggjekostnadene for Røldal-Suldal Kraft AS.
Grunneigarane i Valdalen gjekk ikkje med på neddemming av dalen. Dette førte til at eigedomane der blei tvangsekspropriert.
Bygda mista sitt beste næringsareal
Røldal vart særleg hardt ramma av kraftutbygginga i 1960- og 70-åra, med tørrlagde elvar, senking av Røldalsvatnet og neddemming av både Valdalen og Votna. Novlefoss – den store fossen midt i bygda som hadde vore slik ein stor turistattraksjon, vart også tørrlagd. Bygda mista mykje næringsareal, og kraftanlegga medførte i praksis slutten for landbruket i bygda. Det mest traumatiske var neddemming av Valdalen, som vart til ein lang fjord, utilgjengeleg ein stor del året, på grunn av ferdselsproblem om vinteren.

Hittil er det øydelagd eit areal på om lag 12 km² – ein heil stølskultur og hundretals bygningar er ofra. Dalføre med rike økosystem er rasert, naturmangfaldet er sterkt redusert, knapt eit
landskapsområde er urørt.
Brot på konsesjonsavtalen
Det nye konsesjonsvedtaket i juni 2021 med omgjering av RSK-konsesjonen til tidsuavgrensa (evig) og overføring til Hydro v/Lyse Kraft DA skapte massiv motstand både lokalt og sentralt. Ny eigar er selskapet Lyse Kraft DA, som ikkje har nokon offentleg relasjon til kommunane Ullensvang og Suldal. Måten dette eigarskapet er organisert på juridisk skaper heller ikkje tillit, sidan det er basert på omfattande hemmeleghald, mangel på kommunikasjon og innsyn mellom konsesjonær (Lyse Kraft DA) og lokalsamfunn.
Det som er kjent frå den delvis hemmelege avtalen mellom Hydro og Lyse er at Lyse kjøpte sin del av RSK med så stor mengde kraft frå sine eigne kraftanlegg at Hydro sit igjen med eigarskap tilsvarande nær 80 prosent av den kraftmengda dei tidlegare hadde frå RSK.3

Mange meiner at viktige prinsipp er sett til side i denne saka. Dei påpeiker at konsesjonen ikkje skulle kunna overdras eller vidareførast utan endring, men at det ved heimfall skulle utførast ein fornya konsesjonsprosess for heile vassdraget – frå fjell til Suldalsvatn. Ved ein fornya konsesjon kan i prinsippet alt endrast. I staden skal det no gjennomførast ein såkalla «vilkårsrevisjon» som er mykje mindre omfattande enn ein fornya konsesjon, då det er laga interne reglar for kva som kan endrast.
Eit Dok 8-forslag vart behandla i Stortinget våren 2021 med krav om fornya konsesjon for RSK. Forslaget førte ikkje fram, men Stortinget la føring til departementet om å prioritera vilkårsrevisjon for Røldal-Suldal-vassdraget på grunn av dei store skadene anlegget har påført lokalsamfunna. NVE har opna vilkårsrevisjon, men opna samtidig for at konsesjonæren kan søkja om å få endra anlegget.4
Det viser seg at konsesjonæren ikkje er så villig til å samarbeida om gjennomføring av vilkårsrevisjon, men heller vil påføra særleg Ullensvang og Røldal endå meir skade med dei omsøkte effekt- og pumpekraftverka. Vi opplever ei mangelfull oppfølging av stortingsvedtaket.
Effekt- og pumpekraftverk – den nye satsinga
Hydro/Lyse v/Lyse Kraft DA har nemleg søkt konsesjon til å byggja om eksisterande kraftanlegg i Røldal og Øvre Suldal til effekt- og pumpekraftverk. Dei kallar dette ein søknad om «opprusting og utvidelse». Søknaden er basert på ein idé om å auka inntektene frå kraftanlegget ved eit samspel mellom uregulert kraft frå vind og sol i kombinasjon med pumpekraftverk. Kombinerte pumpe/turbin-aggregat med stor effekt skal kunna levera mykje kraft dei timane i døgnet det er høgast pris.

Søknaden som blir kalla opprustnings- og utvidingsprosjekt kan ikkje enkelt slusast igjennom i samband med ein vilkårsrevisjon. Fysisk sett er det snakk om eit omfattande prosjekt med nye lange driftstunellar, nye kombinerte pumpe/turbinar i nye fjellhallar, store steintippar og skade på natur og miljø. Kraftanlegget er tenkt manøvrert på ein heilt annan måte enn det opprinnelege RSK-anlegget, og dermed med heilt andre konsekvensar for lokalsamfunn, natur, miljø og grunneigarar.
Politisk press – gir større effekt og mindre produksjon meir inntekt?
Den gamle konsesjonen hadde krav om at krafta skulle brukast til industri på Vestlandet. Dette kravet finst ikkje lenger, og dermed blir kraftproduksjonen prisstyrt og mykje av krafta eksportert til England og Europa. Utenlandskablane har ført til «pris-smitte» særleg i vårt forsyningsområde som Statnett kallar «NO2», og dermed voldsom auke i inntektspotensialet frå vasskraftanlegga.
Inntektene frå eit pumpekraftverk vil kunna bli vesentleg høgare i ein kraftmarknad med variabel pris. Ifølgje konsesjonssøknaden vil kraftproduksjonen frå det ombygde kraftanlegget bli vesentleg mindre enn frå dagens anlegg. Årsaka til dette er at det skal nyttast 1 TWh til pumping der ein vil kunna få tilbake om lag 800 GWh, men fordi kraftverk med høgare effekt vil kunna produsera meir kraft når prisane er høge, trur Hydro/Lyse at det vil gi større inntekt enn i dag. Prosjektet vil vera prisdrivande og dermed til skade for både allmenn kraftforsyning og for norsk industri.
Omsyn til menneske, villrein og norsk klima og miljø
Pumpekraftverk av den typen som er omsøkt frå Lyse Kraft DA er i motstrid med norsk natur og klima, fordi det er tenkt å pumpa inn vatn til islagde magasin om vinteren, som dermed vil bli farlege for både villrein og menneske på grunn av av landlaus is.
Røldalsbygda er inneklemt mellom tre store reguleringsmagasin, som alle vil bli sterkt råka om pumpekraftplanane blir gjennomført. Det er sterk motstand mot prosjektet, noko som kjem tydeleg fram i mest alle høyringssvar til NVE, særleg for to av magasina som ligg midt i ei viktig trekkrute for villrein.5
Det kan bli ekstreme variasjonar om det blir effektproduksjon eller pumping fleire dagar i strekk. Votnamagasinet vil kunna fyllast eller tømmast på 12 til 14 dagar. Nivåendring i magasina kan bli 75 cm per døgn i Røldalsvatnet, 2 meter per døgn i Valdalsmagasinet og opp til 4 meter i døgnet i Votnamagasinet.
Om sommaren vil Valdalen som er regulert 80 meter få auka skade på grunn av erosjon og utrasing, og ferdsla med båt på magasinet til den veglause austsida vil bli endå meir vanskeleg. Prosjektet vil også kunna føra til lengre periodar med ope vatn vinterstid og dermed auka problem med frostrøyk i Røldal. Tilsvarande vil Valdalsmagasinet ikkje lenger kunna rekna med å få sikker is for vinterferdsel.

Dette er ikkje berre eit spørsmål om kraftinntekter for Hydro/Lyse DA, men i aller høgste grad kva verdiar som blir igjen i bygdene. Fjellbygdene er under press frå mange kantar med offentlege tiltak som avgrensar lokalsamfunn og grunneigarar sine rettar.
Difor er det svært viktig å få vurdert dette i eit større perspektiv, både dei gamle inngrepa og dei planane som er lansert med omsyn til livsgrunnlag for dei som skal bu her etter oss. Konsesjonær må spela på lag med lokalsamfunnet med ein ærleg intensjon om å utvikla og tilpassa vasskraftanlegga slik at vi kan ta vare på og få til ei positiv utvikling for naturmangfald, miljø og lokal kultur.
Vi må minna om Grunnlova § 112, der det står at det både er uansvarleg og umoralsk å etterlata endå meir øydelagd natur til framtidige generasjonar.
Fornya konsesjon er det einaste rette
Brotet på konsesjonsavtalen må følgjast opp. Samarbeid med lokalsamfunn og brukarar kombinert med 60 års erfaring frå operativ drift er avgjerande for å få eit godt resultat. Oppsummert inneber dette:
• Heimfall av RSK må gjennomførast som avtalt i 1962-konsesjonen, på grunn av dei grove lovbrota som her er blitt gjort: Forbod mot subsidiering i EØS-lova (art. 61), brot på Grunnlova § 97 og brot på fleire andre norske lover.
• Eit absolutt NEI til pumpekraftverk av den typen som det er søkt om.
• Fornya konsesjon for heile vassdraget frå fjell til Suldalsvatn.
• Nye vilkår for å rette opp miljøskade og ulempe.
• Sikker tilkomst til Valdalen sommar og vinter.
• Minstevassføring i alle regulerte elvar og bekker heile året.
• Strengare manøvreringsreglement for vassdraget som tek meir omsyn til økosystem, artsmangfald og lokalsamfunn.

NOTER
1 VG, 5. august 2015. Selskapsfinte.
2 Ullensvang kommunestyre, sak 5/26, vedtak 11. februar 2026. Hardanger Folkeblad: Kommunen allerede i gang med å skrive klage til ESA, publisert 13. februar 2026.
3 Børsmelding 21.10.2020.
4 Stortinget. Energi- og miljøkomiteen, Dok 8: 82S, 23.02.2021. Vilkårsrevisjon, NVE blir oppfordra til å prioritera RSK.
5 Røldal grunneigarlag si fråsegn til NVE-sak 202320330,
2. februar 2026.