Vi kjempar framleis for heimfall!
Industrikonsesjon for Røldal-Suldal Kraft AS (RSK) vart godkjend i 1962, og anlegget skulle ha heimfall til staten og vertskommunane Ullensvang og Suldal etter 60 år. Men i 2020 feira Hydro, Lyse og Olje- og energidepartementet at dei hadde inngått ein avtale som skulle hindra gjennomføring av heimfall av RSK til staten og vertskommunane. Først året etter vart det vedteke ein kongeleg resolusjon om overføring av RSK til det nye selskapet Lyse Kraft DA. No kjempar Ullensvang kommune for heimfall.
