Arbeidskraft til Distrikts-Norge: Strategiar for å sikre arbeidskraft til offentleg og privat sektor
Det er behov for fleire arbeidstakarar i Norge enn det bygder og byar sjølve kan bringe fram gjennom naturleg tilvekst. Trass i ei sterk satsing på barnehagar, går barnetalet framleis ned, og dermed blir utsiktene til å få fylt jobbane – også utover i landet – reduserte. Ein av grunnane til at distrikta slit, er at mange av dei unge søker ut av distrikta, no ikkje for å søke arbeid, men for å søke høgre utdanning.